torsdag 27. mars 2008

Kap. 9. Tabernaklet, Døden,Blodig frelse.

Hebr. 9, 1- Tabernakel-tenesta i GT.Den gamle pakta hadde sine føresegner om gudstenesta, og dei var ein skugge av den nye pakta og eit varsel om at noko nytt og betre skulle koma. (Sjå óg kap. 10, 1.) Her i kap. 9 tek forfattaren fram fleire detaljar frå Tabernaklet og viser slik at mykje av det er førebilete på Jesus og frelsa.

Me kan altså få eit større og grundigare syn på frelsesverket ved å gå inn i tabernakel-tenesta. Me kan ikkje gå inn i alle detaljar her, men sjå på nokre hovudliner. – Det er brukt mykje plass i Bibelen på å visa oss Tabernaklet, meir enn mykje anna. Heile 50 kapitler er brukt i Bibelen om det. det er 13 kapitler i 2. Mosebok, 18. kap. i 3. Mosebok, 13. kap. i 4. Mosebok, 2 kap. i 5. Mosebok og 4 kapitler i Hebreerbrevet. Dette brevet står slik i ei særstode i Bibelen. Ingen andre stader finn me dette teltet forklart. Ein viktig grunn til det kan vera at dette brevet er skrive til jødar som kjende soga si godt. Mykje av litteraturen i NT er elles skrive til heidningekristne eller ein blanda forsamling.

1. Korleis Tabernaklet var, v. 1-
Tabernaklet er kalla ein heilagdom der gudstenesta var. Det var altså eit Guds hus på ein særleg måte. I første del av den gamle pakta var det eit telt, og seinare kom templet som var ein fast bygning. Teltet var flyttbart, og det er utgangspunkt for det Hebreerbrevet skriv om.
Me finn omtalen av Tabernaklet i 2. Mos. frå kap. 25. Moses skulle byggja det etter det biletet Herren ville syna han på fjellet (2. Mos. 25, 9 og 40). Ordet bilete (tavnit) tyder ei form eller liknar noko. Moses har sett noko eller fått forklaring på noko på fjellet. Det skulle han ha som modell.

1) Først ser me at det var to rom, eller to telt, Hebr. 9, 2-3 og 7. Det største var det heilage der lysestaken, røykofferaltaret og bordet med skodebrødet var. Lyset skulle brenna natt og dag utan stans – slik Kristus er verda sitt lys så lenge nådetida varer. Røyken er bilete i Bibelen på bøn. I heilagdomen stig Kristi bøner opp til Gud for oss. Og skodebrødet vart fornya kvar veke slik at det alltid låg brød på bordet. Dei ”gamle” brøda skulle prestane få eta, og Jesus sa han var livsens brød som gir oss åndeleg mat og næring. I dette rommer kunne prestane gå inn.

2) Det minste rommet eller teltet vart kall Det høgheilage eller Det aller heilagste. Her stod berre ein ting, paktkista der lovtavlene var, samt Arons stav og gullkrukke med manna. Hit kunne berre øvstepresten gå inn ein gong om året, på den stor soningsdagen, 3. Mos. 16. Og då måtte han ha med seg blod til soning fro synd. Loket på paktkista var spesiell. Den var av gull og oppå den var to kjerubar (englar), og loket vart kalla Nådestolen. Der ville Gud møta folket og tala til dei gjennom øvstepresten.

3) Kring Tabernaklet var Føregarden, ein stor plass på om lag 1 ¼ dekar. Her kunne alle gå inn, både kvinner og menn. Men det var ikkje plass til alle på ein gong, ein reknar med at det var ikr. 2 ½ mill jødar på reis i øydemarka. I praksis var det truleg berre representantar frå kva stamme som gjekk der. I føregarden var det to viktige ”møbel”: Koparaltaret og vaskekaret. I heile Tabernaklet er det mange førebilete og åndelege sanningar, og me kan ikkje ta med alt her. Og inngangen til plassen var i aust. (Her er ein litt uviss. Nokre seier inngangen var i vest, andre i aust.)

Altaret var eit brennofferaltar av kopar. Det var det første dei såg når dei kom inn i føregarden. Det minna dei om kor naudsynleg det var med offer for å leva med Herren. Synda måtte sonast. Vaskekaret var fylt av vatn som prestane kunne vaska seg i under tenesta.

4) Folket budde ikring Tabernaklet. Nærast det var levittane sin plass, og Moses og Aron budde ved inngangen. Dei skulle både vakta Teltet og halda det i stand. Utanfor levittane var telta til dei tolv stammane etter Jakobs søner. Dei hadde sine faste plassar. Me veit at dei reiste mykje og flytte på seg i dei vel 38 åra dei var i øydemarka, og då var det viktig å halda orden i alt.

I aust budde Sebulon, Juda og Issakar. I I vest budde Bejamin, Efraim og Manasse. I I nord var Asjer, Dan og Naftali. Og i sør budde Simeon, Rubene og Gad. -
---

Hebr. 9, 27-28.

Det er mykje usikkert i denne verda. Mykje kan endrast, både i oss og av oss menneske. Livet kan vera variabelt og forskjellig. Det er så ulikt det me opplever og må gjennom.
Likevel - noko står ennå fast, og det merkelege er at det vil folk flest helst gløyma! Så djput er fallet og så øydelagd er vår natur.

1. Døden.
Den er sikker. Den er vår lodd og del. Det er så bestemt at alle må døy. Det er ein ufråvikeleg regel i menneskelivet om ein trur på Gud eller ikkje. Livet tar slutt ein gong, og dødens engel kjem til alle hus. Det er som Paulus seier: Syndens løn er døden, Rom. 6, 23.
Og døden er ei fylgje av synda, den kom resultat av syndefallet i Eden. 1. Mos. 3. Difor gjeld den alle menneske.
Det står om Jesus i påsken: Han er skuldig til å døy (Mat. 26,66. Jesus var det avdi han tok vår syndeskyld. Men det er og sant om oss. Me er skuldige til å døy, som menneske og som syndarar. Og i Mar. 14, 64 står det: alle fann han skuldige til å døy. Det var ingen tvil hjå folket. Det var ikkje Pilatus soms a det eller yppersteprestane. Folket var med på det.
Og slik er det med oss. Gud skal finna oss skuldige i døden. Men ein dag vil folk flest sjå sanninga i det: me er ikkje betre. me må den vegen.
Nå skjer noko merkeleg: folk flest gjer døden ufarleg. Nå blir det sagt: Det er ein naturleg del av livet. me er ikkje red døden, men lidinga ved døden, seier dei.
Kva snakk er dette? Døden er ikkje naturleg! Me er skapt til livet, og døden er mot alt som heiter liv. Døden er ei fylgje av synda, eit resultat av synda og som ei førebels straff over synda.
Paulus skriv: og døden kom inn på grunn av synda, avdi dei synda alle. Rom. 5, 12.
Det er døden sitt alvor: det er eit punktum, ein slutt, den set eit skilje. Og det er eit forvarsel om eit endeleg evig skilje. Job seier: Om noen få år skal jeg vandre den vei som jeg ikke vender tilbake. Han visste det rette: Døden er den endelege slutten på dette livet.
For mange år sida kom det ut ei bok om dei sister tider sett frå ikkje-religiøs synsstad, med tittelen: Ingen går fri. Og nett slik vil det bli: ingen går fri - kristen og hedning, høg og låg, alle må inn gjennom denne porten. Det seier ordet oss i dag.

2. Dom.
Det andre som er sikkert er at døden ikkje er slutten. Og deretter dom, står det. Når me står ved ei grav skal me vita: denne personen skal ein gong kom attende, stå opp. Det er klår tale i Bibelen.
På nestsiste blad i Bibelen har me det: eg såg dei døde stå for Gud, små og store. det tyder alle, også barna skal stå til reknskap for Gud. Det blir et veldig møte. Ingen kan stikka seg vekk der. Også dei kremerte er der, dei som strødde oska ut over fjella vert samla til dommen. Gravenme skal opnast.
Jesus sa det sjølv i Joh. 5, 28f.: Den time kommer da alle de som er i gravene skal høre hans røst. Og de skal komme ut - til liv eller til dom. Det skjer kanskje ikkjje på same dag, men det vil skje. Og det er alvoret og poenget.
Då står det, skal dei dømast etter sine liv og gjerningar. Det ytre livet viser det indre i mennesket.Ingen ting er gløymt hos Gud.
Likninga i Mat. 25, 14 om talentane viser og det: han med den eine talenten brukte ikkje sin anledning om han var liten. Difor vart kan kasta ut.
Dette er ein ubehageleg tanke for menneska. Men det er nødvendig å stansa for det i vår tid som har gløymt dommen. Og i Åp. 20, 15 står det klart: Berre dei som var oppskrivne i livens bok slapp fri. Og der kjem berre dei truande. Det er ikkje nok at du ein gong vart døypt eller ein gong var med. Det er spørsmål etter om du lever i trua og Guds nåde nå.
Dette skal me forkynna, seier Bibelen. I Apg. 10, 42: Han bød oss å forkynne for folket og vitne at han er den som Gud har sett til domar over levande og døde. Så det er ei plikt for prests og prediaknt å forkynna klårt og sant om dommen. Gjer me det nå?
Ofte har me eit feil bilde av Gud, og det kjem oftast frå forkynning og kristne bøker. I ein radioandakt nyleg vart det sagt: Gud er ikkje ein politimann som ser etter feil hos folk.
Jo, det og. Han er mykje, men og den som ser alt og som vil straffa folk for alt.
I Salmane har me eit par fine ord om dette: Salme 45,8 seier: Du hater ondskap - og det vonde er jo hjå menneska. Og i Salme 5, 8: Du hatar alle dei som gjer urett. Gud hatar ikkje berre sjølve handlinga og synda, men og han som gjer handlinga. Og han hatar dei fordi at dei gjer det dei gjer, altså for handlinga si skuld og ikkje noko personleg. Men person og handling heng nøye saman. Me gjer etter det som bur i oss. Det indre vil bryta ut i gjerning. Den somtenkjer vondt om andre menneske vil koma til å tala vondt om dei.
Ve dei som ikkje trur på Jesus og får rensa sitt indre og ytre liv.

3. Jesu død og dom.
Slik me døyr ein gong og vert dømde, slik gjorde Jesus det og. Når Jesu død vert omtala her er det nett med tanke på det som alt er sagt. På grunn av synda er me dømde til å døy både lekamleg og evig og åndeleg. Dommen er nett den evige død i pine i helvete.
Difor måtte Jesus koma. Men Jesus død var noko anna enn vår. Me døyr på grunn av vår eiga og slekta si synd. Jesu død var eit offer og soning nettopp for sletta verda si synd. Gud handla i Jesu død. Noko stort hende.
Nå er me altså på Golgata. Der skulle Jesus ta bort vedra si synd då han vart ofra. Mange si synd, står det. I realiteten er det alle si synd avdi me er så mange. Denne synda var betalt, sona, straffa. Gud ordna opp med alt i Jesus død langfredag.
Og hovudpoenget her er at dette skal ikkje gjentakast. Slik me berre kan døy ein gong og dømast ein gong, slik skulle Jesus berre døy den eine gongen. Det han gjorde skal ikkje og kan ikkje gjentakast eller forbetrast.
Dette kjem att i kap. 10 vers 12 og 14 og 18. Jesus har bore fram eit einaste offer for synder. Då var det ferdig. Då sette han seg, hans teneste var slutt. Med det eine offeret har han for alltid gjort oss fullkomne. Det mangla ikkje noko i offeret. Så veldig var Jesu død. Ja, det står rett ut: då trengst det ikkje meir noko offer. I Jesu død er det alt forlating for all synd. Og der det er forlating der er mennesket frelst.
Så står det eit ord i Joh. 1, 12 som må vera med for at biletet skal verta rett: Alle dei som tok imot han fekk retten til å vera Guds barn. Alt var ordna for lenge sidan. Men dette store må bli mitt. Eg må på sett og vis få tak i det.
Det skjer altså ved å ta imot Jesus som sin personlege frelsar. I den stunda får eg alt det Jesus er og har gjort. Heile hans frelse og rettferd blit mi. Då er eg fri dommen. Det var jo min dom han tok på krossen.
- Ein gut stod saman med far på slottsplassen ein 17. mai. Barnetoget kom oppover Karl Johan og guten stirde opp mot slottsbalkongen og var uroleg. Kjem han ikkje snart? Med eitt vart barnet stille. Guten berre ser og ser. Og rister i den vesle kroppen. For nå lyfter kongen handa til lua si og helsar, vinkar til folket. Og guten ser: han såg meg, helste på meg. - Guten ser på far: Far, nå går me!
Kvifor? Han hadde sett kongen, og det var nok. Han trong ikkje meir.
Den som har sett Jesus har og fått alt. Han treng ikkje meir. Då er han fri, har opplevd det største på denne jord. Edin Holme seier i eit dikt: Den som ham har sett, kan intet friste, ringe synes alt han siden ser. Den som eier ham kan alting miste, han begjærer siden intet mer.
Og då - då skjer endå ein ting: Han gleder seg til

4. Jesus gjenkomst.
Denne Jesus skal kom endå ein gong og openberra seg. Då er der nokre som ventar på han, er ferdig, frelst. Og då hentar han dei heim til sin salige himmel. Evig borte og fri frå alt vondt og synd.
Hvor salig da den som når alt farer hen, har Jesus og himlen igjen.


En blodig frelse.
Hebr. 9, 7-9.

Bibelen taler mye om blod. Og blod betyr liv. Uten blod i legemet, er det dødt. Blodet er slik selve livsvæska. I åndelig forstand er det på samme måte. Hebr. 9, 22 slår det fast: Uten at blod blir utgydt, skjer ikke forlatelse. Frelsen er med andre ord sterkt knyttet til blodet. Det finner vi gjennom hele Bibelen. Også i andre religioner kan vi se blodige offer og noen som må late livet. Straffen og dommen for syn er nemlig død. Noen må dø når folk synder. Og offerblod taler om en stedfortredende frelse. Noen ofrer seg for andre.

I. GT.
Jødedommen er bygget på blodoffer.
Det er ikke den eneste byggestein, men en meget viktig del av jødenes religion. Det ser vi allerede da Kain og Abel ofret til Gud noen tid etter syndefallet. Hvilket offer var velbehagelig for Gud og som han anerkjente? Det var ikke Kains offer, selv om han ga det beste han hadde arbeidet med. Han hadde sikkert gjort sitt aller beste og mente han kunne tilfredsstille Gud med det. Men alt dette ble forkastet.

Det offeret Gud tok imot var Abels blodige offer, da han slaktet og ofret et lam. 1. Mos. 4, 4. Her ser vi det første blodige offer i historien så langt vi kjenner til det. Bare det ble anerkjent av Gud. Og i 1. Mos. 8, 20 møter vi Noah som tok av de rene dyr og fugler og ofret brennoffer. Herren kjente den velbehagelige duft, står det, v. 21.

Slik er Guds vilje. All synd er til ubehag for Gud og gjør ham vred. Den må sones, og dommen lyder på død. Derfor må blod flyte. Det taler nettopp om straffen og dens alvor innfor Gud.

Abrahams ofring på Moria berg er et sterkt, men ganske klart bilde på frelsen. Han skulle ofre sin sønn. Et liv måtte gå tapt. Mennesket skal dø på grunn av sin synd. Og da må et menneske sone for synden. Et legeme må blø og død. Derfor står det i hebr. 1, 5: Et legeme laget du til meg – det sier Messias til sin Far. Isak skulle dø, men Gud ordnet med en stedfortreder. Da var det ikke nok å ofre frukt og grønnsaker. Et liv måtte brukes. Og Gud ordnet med en vær som Isaks stedfortreder.

Et annet bilde og eksempel er utgangen av Egypt i den første påske. Da skulle Guds dom gå over menneskene i Egypt på grunn av deres synd og ulydighet. Alle førstefødte skulle dø i landet. Da viste Gud Moses en utvei. Og la oss merke oss at det var bare den som var gyldig. Alle andre forsøk ville være nytteløse.

Frelsesmåten i Egypt var et lam. Det skulle være stedfortreder for alle jødiske familier i Egypt på den tiden. De skulle slakte lammet og samle blodet for å stryke det på dørstolpene. 2. Mos. 12. Og dette ble deres redning. Dødsengelen gikk deres hus forbi. Mange tusen lam og dyre er blitt slaktet i ettertiden, i ødemarken og senere ved tabernaklet og templet. Mange, mange tusen liv er brukt for å vise soningens alvor. I løpet av 1000 år skjedde dette.  

Likevel – Bibelen taler tydelig om at dette dyreblod ikke kunne frelse dem, Hebr. 9, 9-10. Det var aldri Guds mening at folk skulle bli frelst ved dyreblod. Ingen annen skapning enn mennesket kan være menneskets stedfortreder. Derfor kom Jesus som både Gud og menneske. Jødenes dyreoffer hadde minst to andre funksjoner:

- De skulle være en påminnelse om synder, kap. 10, 3. Hver gang det skjedde et offer f. eks. på tempelplassen, visste troende jøder at de var syndere. Og de forstod at det måtte et offer til. Jfr. 4. Mos. 5, 15b. 
- De var også en skygge av det fullkomne, kap. 10. 1. Da skjønte de at ville komme noe større og bedre enn okse og lam. Men offerblodet ble da et varsel om Messias som skulle lide og dø for synden, som Jesaja 53 taler litt om.

II. NT.
I tidens fylde kom det fullkomne. Gal. 4, 4.

I Hebr. 9, 10b finner vi ordene: ”Inntil den tid da alt skulle settes i rette skikk.” Det er nettopp ordene om lover og forskrifter i den gamle pakt han taler om her. De skulle fortsette til den nye pakt kom. For i den gamle pakt var ikke alt blitt åpenbart, b. 8. Men det var et bilde på ”den nåværende tid”, v. 9. Og det er den nytestamentlige tid.

Men også nå gjelder det at synden må bøtes med død. Det er dens lønn. Rom. 6, 23. Blodet er veien til Gud. La oss nevne noen sterke ord om dette her.

a) Hebr. 9, 12: ”Han gikk inn i helligdommen én gang for alle og fant en evig forløsning.”
Da Jesus gikk inn i himmelen, kom han med sitt eget blod. Dermed viste han at han hadde kjøpt oss en full forløsning på korset. Frelsen var ferdig. Han hadde betalt med et evig blod, det gjelder til alle tider for alle som tror. Der fant han en evig forløsning. Ordet ”fant” blir av noen oversatt med ”vant”. Det gir også mening: Han kjempet mot synd og vondskap og vant seier.

Peter understreker dette at kjøpesummen var blodet, 1. Pet. 1, 18-19. Kristi dyre blod var prisen for vår plass i himmelen. En blodig frelse betyr altså at den er kjøpt dyrt med blod. En sanger sier det slik:

Det er sangen om blodet –
Guds evige pakt –
Om det hellige offer han selv har fullbrakt.
Det er sangen om blodet,
Den kostbare pris,
Som alene kan åpne
Et stengt Paradis.

b) Hebr. 9, 14: ”Hvor mye mer skal da Kristi blod – han som i kraft av en evig Ånd bar seg selv fram for Gud som et lyteløst offer – rense vår samvittighet fra døde gjerninger så vi kan tjene den levende Gud!”
Jesu blod kan rense samvittigheten fra skyld, for det gir syndenes forlatelse, v. 22. Jeg får del i frelsen bare ved blodet og ikke ved noen av mine egne gjerninger. De er døde. Vi kan ikke frelse oss selv, og må altså få del i frelsen i Jesu blod. Vi blir ikke Guds barn av gjerninger, offer, arbeid for Guds rike, alvor i livet eller forskjellige slags seremonier. Det skjer bare ved tro på Jesu frelsesverk på Golgata.

Johannes skriver slik: Dersom vi vandrer i lyset. Likesom han er i lyset, da har vi samfunn med hverandre, og Jesu, hans Sønns blod, renser oss fra all synd. 1. Joh. 1, 7. Å leve i lyset er å bekjenne alt som er galt og være åpen for Gud med hele livet. Da lever vi i renselsen.

I Rom. 3, 25 leser vi at Gud stilte Jesus fram i blodet som en nådestol ved troen. Nådestolen er lokket på paktens ark og betyr soningsstedet der blodet ble stenket som soning for synden. Jesus er det stedet nå. Frelsen i ham er av nåde. Vi får den gratis. Fredrik Wisløff sang om dette i sin ungdom:

Jeg var fortapt og så ingen vei,
da så jeg blodet.
Da ingen makt kunne frelse meg,
da frelste blodet.

3) I Hebr. 10, 19 ser vi dette: Vi har altså i Jesu blod frimodighet til å gå inn i helligdommen. Her er det ikke tale om frimodighet for mennesker til å vitne eller vise hvem vi er som kristne. Her taler han om å være frimodig innfor Guds ansikt. Vi våger å gå til Gud med alle ting. Slik var det ikke før da vi levde i verden. Hele livet som kristen kan vi komme slik med åpent sinn. Vi er ikke lenger redd for Gud. For blodet har renset oss helt og fullt.

I tillegg har vi fått frimodighet til møte Gud i himmelen! Det kan skje ved død eller ved Jesu gjenkomst. Vi har som troende ingen grunn til å frykte det ene eller det andre. Vi er rede til å dø og å møte Gud i hans himmel - ved troen på hans Sønn.

I Åp. 7 fortelles om noen som kom til himmelen, og om grunnen til at de nådde fram. De var nemlig renset og tvettet i Lammets blod, v. 14. Da står det i v. 15: Derfor er de for Guds trone. Jesu blod er den eneste grunnen til at noen kan og skal komme til Guds himmel. Hele den frelste skare i himmelen vil synge om det og takke ham for det. De vet ikke av noen annen grunn til frelse.

Har du det slik? Eller skjuler du noe av synden og vil helst ikke at det skal komme fram i lyset for Gud? Du må ikke bortforklare, omtolke eller gi andre ansvaret for din synd. Det stenger himmeldøra for deg. Det er du alene som står med ansvaret. Kom derfor i denne stund og tal ut med din Gud. Han er deg så nær. Og da vil du være med i Guds evige rike, og det blir sant det sangeren synger:

Når jeg står hjemme i hvite klær,
da skal jeg synge som aldri her –
en takk for blodet.
Amen.

Ingen kommentarer: