torsdag 27. mars 2008

Kap. 6. Ankeret.

Hebr. 6,19f. Eit anker.

Me har eit anker som held oss fast i alle stormar. Kven har det? Den som lever med Gud og er sanne kristne. Ikkje som i kap. 2, 3 og 4, 2. For dei var det inga von.

1. Kva er ankeret?
Kva er det som held båten fast når det trengst? Berre Jesus kan det. Kristi himmelfartsdag drog han til himmelen, innafor forhenget. Der er ankeret sikkert og trygt og fast forankra i Gud.
2. Korleis er eit anker forma?
Det har alltid to armar, ein til kvar side. Og Jesus var både Gud og menneske og difor vår von. Som menneske var han prøvd i alt som kan møta oss, og då viste han at han var Gud. Jesus bestod alle prøver og eksamen. Han svikta ikkje på noko punkt. Som menneske var han og Gud.
3. Korleis får me det?
I Johs 1, 12 er svar: Alle dei som tok imot han… Me som er kristne kom ein dag til Jesus og erkjende våre synder, og av nåde fekk em tru på Jesus og hans frelse. Det var den store r edninga for oss. Og me kom i tide, før stormen og uveret braka laust. Ankeret er då alltid klart.
4. Korleis bruke det?
Eit anker skal ikkje stå på lager og rusta bort. Jfr. Apg. 27,29. Det skal vera med oss heile tida. Og Jesus sa han var det, Mat. 28, 20. Jfr. Kol. 3, 1.
5. Ankeret held!
Det er trygt og fast og når innafor forhenget. Det er evig og dermed sikkert. Me ser det ikkje, men me trur det er der. Jesus er på vår side i himmelen, han har kjøpt oss med blodet sitt og me er hans eigedom. – Ankeret held i alle stormar: i freistingar gjennom livet, i døden og til sist i domen.

Me har ei stor von. Den som er utafor er vonlaus. Det er inga framtid for dei i Guds rike. Dei går under i stormen. (Frå Handfuls on purpose.).

Ingen kommentarer: