torsdag 27. mars 2008

Kap. 10.Skugge av det fullkomne.- Guds lovnader.

Skugge og hovudsak.
Me veit alle at ein skugge aldri kan gi eit korrekt og fullstendig bilete av ein person eller ein ting. Det blir berre konturar og litt om omfanget tingen har. Me kan sjå for oss korleis det verkeleg er, og kan skilja om det er ein mann eller ein hund t.d.

Eit par stader står det i Hebr. at det som hende i GT var ein slik skugge av det som ville skje når Jesus kom. Det tyder at tabernaklet, presteskapet og ofringane var slike skuggar. Det er ikkje sagt at alle små detaljar i den gamle pakt var direkte førebilete på det nye. Det kan godt vera det, men personleg har eg ikkje fått lys over mykje av det. Men der er nokre hovudliner som går att heile tida og som me kan gleda oss over i første omgang.

I dette kapitlet finn me nokre hovudliner.

Kap. 10, 1- 18. Siste del av læredelen i brevet.
Offera og offertenesta i GT er det sagt noko om her:
1) Lova er berre ein skugge av framtida. Lova er her uttrykk for offertenesta i GT. Og skuggen er eit førevarsel, ein slags ordlaus profeti.

2) Offera då var ikkje fullkomne. Då hadde dei slutta med offera – men dei heldt fram kvart år i lange tider. Synda ville vore borte og samvitet reint. Det viser at dei var ufullstendige. I v. 4 seier han det klårt: Blod av dyr har ikkje verdi som soning. Det kan ikkje ta bort synder. Blod er symbolord for død, og det tyder ingen ting for våre synder om eit dyr døyr. Dyret er symbol om at synda må bort ved død.

3) Offera er ei påminning om synd hjå folket. Og dermed var det behov for fleire offer og ei påminning og profeti om eit anna slags offer som var fullkomen. Dette viser og at synd er alvor og at eit menneske ikkje kan leva med synd i samfunn med Gud.

4) Jesus skulle bli offeret – det var profetert i GT. Og det er ein profeti både om Jesu fødsel og hans død, v. 5ff. Det er meininga med profetordet i Salme 40, 7-9.
- Då han steig inn i verda, står det, tala han ordet i Salme 40.7ff. Ein lekam laga du Herre, seier han. For å vera menneske måtte han ha ein lekam. Den måtte han og ha om han skulle bli eit offer.
- Men han skulle ikkje gi dei vanlege offera som gjekk føre seg i templet. Det hadde vore nok av dei, og folket burde kjenne synda sit alvor.
- Jesus skulle tvert om gjera Guds vilje i heile sin fullnad. Og det var skrive i boka og slik gjort kjent for folket. Det som er skrive er fast og sikkert.

5) Eit førebels og eit fullstendig offer.
I v. 8 står noko om at lova var førebels: Gud hadde ikkje (lenger) hug til syndoffer – endå det var etter Guds lov. Deretter kjem det, v. 9: Messias skal gjera Guds vilje. Meininga er at han her tek bort den gamle ordninga med offer av dyr i templet, og stig sjølv fram som det siste offer.

Det Jesus gjorde då var heile frelsesverket med forsoninga for heile verda sine synder, v. 10. Og det hadde så stor kraft at ved dette eine offeret har me blitt helga, står det. Helginga her er ikkje det me ofte tenkjer om ordet. Her står det for at me vart gjort skikka for Gud. Jfr. Kol. 1, 12. Dette eine offeret står i motsetnad dei millionar av offer som jødane hadde bore fram i tabernaklet og templet. Den tida var nå over ved at ein mann døde.

Dette viser at denne eine mannen – Jesus – var så mykje meir verd enn alt det som var gjort før. Slik kunne det vera av di han var Guds Son.

Guds plan var altså at det i mange år skulle vera ei førebels gudsteneste med offer av dyr for å visa folket kor alvorleg synda var og kor viktig Messias si gjerning var. Dette er uttrykk for:

6) Jesu offer er det siste og fullstendige. Det viser seg på fleire måtar:
- Han sette det gamle til side, oppheva den gamle Moselova sine offer. Den hadde gjort si teneste nå. Dei var berre skuggar.
- Jesus sette seg som øvsteprest, v. 12. Det hadde ein øvsteprest ikkje høve til i templet medan han ofra. Han skulle alltid stå, det var og ein skugge av at handlinga ikkje var endeleg og ferdig. Dagleg bar dei fram offer for Gud, v. 11. Jesus bar fram seg sjølv som det einaste gyldige offer – og deretter sette hans eg. Alt var nå ferdig.- Då er på Golgata. Før Jesus slokna, ropa han: Det er fullbrakt. Johs 19, 30.
- Etter oppstoda kunne han setja seg. Arbeidet var fullført.
- Det eine offeret har oss truande fullkomne for alltid, v. 14. Me får del i det fullkomne offeret, og det trengst ikkje noko meir. Det finst ikkje noko offer som kan vera betre. Og det er ikkje naudsynleg med meir. V. 18.
- Dette seier også Skrifta, v. 15-17. Det var profeten Jeremia kap. 31, 33f som sa det. Gud skulle frelsa os så fullstendig at vårt indre, vår hjarta, vart fylt av Guds vilje. Det er med i Guds pakt. Og det skjer når me får tilgjeving for synda. Då skriv Gud sin vilje inn i hjarte og sinn og me får den nye natura som vil gjera det vil.

7) Jesus ventar på endeleg siger, v. 13. Han ventar på at fienden skulle overgje seg for godt. Dette er Satan og alle som fylgjer han og dei falne englane.

”Det var eit perfekt offer av ein perfekt person for å gjera dei perfekte som langt frå var perfekte” (The Message). Du kan altså koma til Jesus med stort frimot. Nå ventar han på deg at du skal bli frelst, noko Satan ikkje kan.



Hebr. 10, 23.
”Han er trufast som gav løftet.”


Å gi løfter krev eigentleg truskap. Det ligg i sjølve ordet. Ein lovnad eller løfte er ord me seier som me tenkjer å halda. Det ligg ei plikt i det. Me sviktar nok ofte her, både for Gud og menneske. Og det er vår skam. Det kan plaga oss netter og dagar i årevis. Somme ting vert me aldri fri.
Gud sviktar aldri. Om me er trulause, er han trufast, står det. 2. Tim. 2, 13. Dei som har tald løftene i Bibelen, seier det er om lag 40.000 løfter der. Mange var til Israel, til Abraham, Moses og David og andre. Men Bibelen er gitt til oss alle, difor finn me ei rekke løfte som gjeld oss kristne.
Alt er samla i Jesus, der får me sjå oppfyllinga av dei. 2. Kor. 1, 20: Så mange som Guds lovnader er, i han har dei sitt ja og ved han sitt amen. Det er utruleg kor mykje godt Bibelen har. Dei som ikkje les i Skrifta, kan ikkje skjøna det. Dei har ikkje undersøkt det sjølv.
Luther sa ein gong: Ikkje noko er meir dyrebart i Skrifta enn Guds løfte. Dei held oss oppe og trøystar oss i all anfekting. Om Sara står det i kap. 11, 11: Ho heldt Herren for trufast som hadde gjeve lovnaden. Det er ei god innstilling og tanke.
Her skal me berre ta nokre få slike løfte som gjeld oss.
1. Lovnad om frelse.
For ein syndar er det det største i Bibelen. Gud har lova at menneska kan bli frelst. Og det ligg eigentleg på to plan. Same dag som syndefallet hende i Eden, sa Gud at ein skulle knusa slangen sitt hovud. 1. Mos. 3, 15. Det er profeti om at Kristus skulle sigra over Satan og synda. Då tida var mogen (fullkomen) til det, skulle Guds Son koma til jord. Gal. 4, 4.
Då fekk det fortapte menneske von. Ei stjerne var tent over syndeverda. Det var ein lovnad om oppreising som vart fullbyrda på Golgata. Langfredag er oppfylling av dette frelsesløftet. ”Opp på Golgatas dunkle høyde mørkhetens fyrste til fektning drog…” Jes. 7, 14 og 53, er andre slik lovnader som Jesus oppfylte.
Den andre delen av dette løftet er t. d. Jesu ord i Mat. 11, 28: Kom til meg alle de som slit og har tungt å bera, hjå meg skal de få kvila. Eit anna slikt ord er Johs 6, 37: Den som kjem til meg, vil eg så visst ikkje visa bort.
Alt dette er sterke ord om frelsesløftet. Farisearane såg at det vart oppfylt i Jesus. Dei sa t.d. i Luk. 15, 1f: Denne mann tek imot syndarar. Sannare kan det ikkje seiast. Slik talar Bibelen. Jesus vil at du skal bli frelst! Han vil tilgi di synd, gløyma fortida og skapa nytt liv i deg.
Johannes skriv i første brevet sitt: Dette er lovnaden han lova oss: det evige livet. 1. Johs 2, 25. «De røde blodsdråper fra Golgata roper om nåde og frelse for deg.» Og dette har han tenkt å halda! Men du må ta imot, opna deg og seia: Ja, takk. (Meir skal me ikkje seia om dette her.)
2. Lovnad om å bli bevart.
Ein som kjem til Jesus, får både tilgjeving for synda og kraft til å leva vidare som ein kristen. Jesus frelser og tilgir – og er med oss kvar dag. Det er garantien han gir oss. Han frir oss frå stormane i livet og leier oss trygt gjennom det som kjem.
Det er ikkje utan problem å vera kristen. Men me har ein lovnad med oss som andre ikkje har. I misjonsbodet lyder det til slutt: Sjå, eg er med dykk alle dagar… Mat. 28, 20. Og det gjeld ikkje berre misjonæren som reiser til andre land. Det gjeld alle som lever med Jesus.
Jesus sa i Johs 10, 28: Og eg gjev dei evig liv, dei skal aldri i evighet gå fortapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. Og Paulus seier at evangeliet er ei Guds kraft til frelse, Rom. 1, 16. Og den gjeld ikkje berre den dagen du vart eit Guds barn. Den gjeld kvar dag. Du har same kraft frå Gud i evangeliet nå som den første dagen du var kristne. Salme 23, 2 har det same: Han leier meg, seier David. Slike lovnader vil Herren halda, du kan kvila på dei.
Ei jente kom heim etter eit møte der ho hadde gjeve seg over til Gud. Då gjekk ho inn på soverommet til foreldra og sa stilt: Eg har fått fast fylgje. Og dei tenkte nok at det var ein ny verson som skulle koma inn i heimen deira. Men ho la til: Eg har fått Jesus som min Frelsar. Og det var det beste bodet dei kunne få den kvelden.
Han går ved min side og leder min gang, han blir ikke trett, han som jeg….
3. Lovnad om at Jesus kjem att.
Han har sagt at han vil koma attende til jord og henta alle sine heim. Då er me evig frelste. Difor er framtida vår lys.
Kva hjelpte det om eg vart frelst her på jorda – om ikkje eg hadde meir etter døden? Me er meir enn dyr. Me har ei evig sjel.
Det står mykje i Bibelen om dette. Nokre har rekna gjennom alle slike lovnader, og kom til om lag 318 i NT. Då er det viktig når det er sagt så ofte. Og dei siste ord i Bibelen er om dette: Kom, Herre Jesus. Ja, eg kjem snart. Åp. 22, 20.
Gud er trufast. Han gav lovnader om frelse, bevaring og atterkome – og mange andre. Dette siste er eg glad i. Han kjem att ein dag. Då blir alle dei truande rykt bort. Det vil ikkje vera att ein einaste sann kristne på jorda då. Den kristne sjåføren blir plutseleg borte. Butikkdama står og ekspederer – og så er ho ikkje der meir. To skal liggja i same seng, den eine vert borte ei natt eller kveld – den andre må vera att.
Paulus skriv om at dei truande skal rykkjast opp i skyer opp i lufta for å møta Herren. 1. Tes. 4, 16. Då kjem det ei sky frå mi bygd. Dei truande vert samla saman – frå kyrkjegarden og havet utafor og dei levande – og Herren tek dei heim til himmelen. Ei sky frå andre byar og bygder, skyer frå Afrika og Asia og Amerika. Alt Guds folk er borte. Det er berre slik, anten me likar det eller ikkje.
Det blir eit veldig møte. Jesus er hovudtalar, han les opp fridomsbrevet og ynskjer oss velkomne heim.
«Vi skal møte ham i skyene – herlighet stor, når vi løftes ifra land og byene, farvel, farvel da jord!»
Blir du med då? Det er ennå tid, og Jesus er redningen. Kom difor i dag.

Ingen kommentarer: