torsdag 27. mars 2008

Kap. 13. Formaning og løfte.

Hebr. 13, 8: Alltid den same.

Me veit ikkje kven som har skrive dette brevet. Men han har skrive nokre gode vers om vår Frelsar. Eg er glad i dette verset, og det har eg tala over mange gonger i dei 50 åra eg har tala Guds Ord.

Mange i Noreg kjenner dette verset godt, og gleder seg over det. Det seier at Jesus aldri endrar seg. Han er ikkje som ei elv som blir stor og vill i flaumen, og så tørker mest heilt opp i sommarvarmen. Jesus er slik han alltid har vore. Me kan rekna med det.

Her er mykje forandring i verda, både i storbyane og på landsbygda. Bestefar min ville ikkje kjent seg att, om han hadde kome til heimbygda si nå. Han døydde i 1905.

Men Jesus er den same. Og me har bruk for den Jesus som Bibelen fortel om.

Korleis var så denne Jesus på jord? Me ser det betre når me ser korleis Jesus var då. For slik er han nå!

1. Først: Jesus døydde for oss. Det er det viktigaste ved Jesus. Det er grunnvollen for trua vår. På krossen sona han heile verda si synd. Han betalte heile vår gjeld, og tok den straffa som me burde hatt. Bibelen seier i Jes. 53, 5: ”Han er såra for våre brot, knust for for våre synder, straffa låg på han…

Eg har lova å seia: Jesus døydde for deg på krossen. Difor er du fri når du trur på han.

Berre dette er sann kristendom. Og i Op. 5, 9 står: Du blei slakta og kjøpte oss med ditt blod frå kvar stamme og tunge og ætt…

Difor er eg med der, for han døydde for mi slekt. Og difor er du med. Han kjøpte heile det norske folk og alle andre folk. På krossen sa Jesus: Det er fullført. Det gjeld alle, og det er gyldig i dag. Har du teke mot det?

2. Jesus møtte menneske på jord. Han var syndarane sin ven. Han vil ikkje berre ha dei gode, men også dei verste menneska. I Luk. 15, 2 står det: Han tar imot syndarar og et saman med dei. Det viser korleis Jesus er.

I Luk. 15 fortel Jesus 3 likningar: Om ein sau som kom bort, eit pengestykke som forsvann, og om guten som reiste frå heimen sin. Men hyrdingen og kvinna leita til dei fann det bortkomne. Og far tok imot den bortkomne guten med opne armar og laga til fest for han.

Slik er Jesus nå: Han er på leit etter syndarar for å kalla og tilgi og gi dei ein plass i himmelen.

Eg fekk koma då eg var 15 år gammal. Jesus tok imot meg og reinsa meg frå synd. Han er den same nå – og han ventar på deg.

3. Det siste Jesus sa var Misjonsbefalinga. Mat. 28, 19. Det tyder at alle må få høyra om Jesus. Kvar generasjon og kvart menneske må vinnast for Gud.

Difor reiste misjonærane ut til andre land for mange år sidan første gongen. Men Jesu ord er dei same nå. Han treng nye læresveinar – som kan fortelja andre om frelsa. Det gjeld i di bygd og din by og vidare utover. For Gud elskar heile verda.

Han er den same nå som før. Han kallar til frelse og til teneste. Det fyller oss kristne med takk. Og me bed om at hans rike må kona – til alle kor dei så bur. Amen. – NDH.

Ingen kommentarer: