torsdag 27. mars 2008

Kap. 12. Sjå på Jesus.

Hebr. 12, 1-2. Sjå på Jesus.

Her får me ei oppmoding. Jesus kan hjelpa oss, han har noko å gi. Det er hjelp å få hjå han. For me kan bli trøytte på livsvegen. Eller me vert motlause eller sløve. Kristenlivet er ein kamp heilt til me er framme ved målet.
Dersom me ser på oss sjølve, ser me feil og synd og svikt og nederlag. Det er ikkje oppbyggeleg. Og me spør nokre gonger: Kan jeg vel nå det skjønne land, som snubler gang på gang.
Ser me på andre kristne, er det lett å finna feil der og. Det er farleg å bli opptekne med andre menneske. Det avlar lett kritikk og døpmesjuke. Det har ennå ikkje levd ein einaste fullkomen kristen på jorda (utanom Jesus).
Ser me så på dei verdslege, ser det ut som at dei har det lettare enn oss. Det er mykje dei er fri for, slik Asaf tenkte, Salme 73. Mest alt på denne jorda kan gjera oss motlause.
Difor seier Bibelen her: Sjå på Jesus. Han er det største vitne om Gud – samanlikna med alle dei som er opprekna i kap. 11. Bli oppteken av han. Tenk på han, v. 3. Ha han som føredøme og mål.
Kva ser du då?

1. Jesus på krossen.
Det er langfredag og Jesus skal lida og døy for synda vår. Han lei tålmodig krossen, står det. Og grunnen er: Han hang der for vår skuld og vår frelse. Det var ingen annan veg. Då tok han vår skuld og dom og straff på seg.

Johannes skriv om det slik: Til dette vart Guds Son openberrast han skulle gjera ende på djevelens gjerningar. Ordet gjera ende på tyder eigentleg å løysa oss frå det. For me var bundne til djevelen og kunen aldri gjera oss frie sjølv. Jesus måtte koma å løysa banda som batt oss.

Det gjorde han ved å ta ansvaret for alle synder. Dei er djevelen sine gjerningar. Menneska let seg bruka av den vonde, og slik blir det våre gjerningar. Me er syndarar frå fødselen av og me syndar i gjerning dagleg. Alt dette skapar ei stor skuld som ligg over oss. På krossen tok Jesus dommen for alt det.

Les om det i Skrifta, og du ser at han hang der for di skuld, det var deg han løyste då. Nokre sitat frå Bibelen om det:

a) I Kol. 2, 14 står det at han sletta ut skuldbrevet og tok det bort ved å nagla det til krossen. All skuld for Gud er altså teken bort av Jesus. Du er verkeleg fri!

b) I Ef. 2, 14 les me at Han er vår fred. Det Jesus er, det er eg og. Kol 1, 20 seier det slik: Han gjorde fred ved hans korses blod. Det tyder at fiendskapet på grunn av synda er borte. Du har fred med Gud ved å tru på han, ikkje ettersom du føler deg fri og glad. Sjå på Jesus, då ser du den rette fridomen.

c) Peter skriv i 1. Pet. 2, 24: Han som bar våre synder opp på treet. Då Jesus blei heist opp på krossen, tok han med seg alle synder. Det er ein ufatteleg tanke for oss. Me er så smale og tronge i fatte-evne at det får me ikkje rom for i vår tankeverd. Me må berre tru det Ordet seier. I en sang er det formet slik: ”Dommeren selv for den dødsdømte døde, Gud er forsonet og Gud er oss god.”

Sjå på det Guds lam, som Johannes tala om, Johs 1, 29. Han heng der for deg – du skulle vore på krossen.

2. Jesus i oppstoda.
”Påskemorgen slukker sorgen … Den er Guds attest og erklæring: Frelsa er ferdig og godkjend av Gud. Oppstoda er eit offisielt stempel frå det himmelske kontoret: Du kan lita på dette. Det er gyldig.

Og det veit djevelen. Her er han ein slagen fiende. Då Jesus var på krossen, tenkte han kanskje: Nå er eg ferdig med mannen frå Nasaret. Påskemorgen fekk han anna å tenkja på. Jesus lever framleis. Difor kan han ikkje klaga dei kristne for noko med rette. Rekneskapen vår er gjort opp på Golgata.

1. Kor. 15 er kapitlet om oppstoda hjå Paulus. Og der kjem sigersropet: Nå er Kristus stått opp, v. 20. Saka er ordna, Gud har gjort det. Difor er me fødde på nytt til ei levande von nett ved oppstoda hans, 1. Pet. 1, 3. Ei levande von tyder m.a. at verda skal lida totalt nederlag ein gong.

Jesu oppstode er og eit prov på at me skal stå opp ein dag. Paulus skriv meir om det i 1. Kor. 15, 22f: Alle skal gjerast levande i Kristus. Dei som høyrer Kristus til, skal gjerast levande når han kjem.

Sjå fram til det – det gjer von. Korkje død eller synd eller noka makt skal ta Jesus og himmelvona frå oss. Og då kjem det neste:

3. Sjå på Jesus i himmelen.
Han er der nå for å hjelpa oss. Det er ingen grenser for han der. Nå er han openberra for Guds åsyn for vår skuld, Hebr. 9, 24. Og det er serleg på to område han gjer det.

a) Han er i bøn for oss. Hebr. 7, 25: Han lever alltid for å gå i forbøn for oss. Og i Rom.8, 34: Kristus … er stått opp, som og er ved Guds høgre hand, som og går i forbøn for oss. Jesus ber for sine vener – det er alle dei truande. Det er godt å tenkja på det når me sjølve ewr trøytte og ikkje klarer å be så mykje. Ofte ber me feil og. Då har me ein bønerepresentant i himmelen.

b) Han er vår talsmann hjå Faderen, 1. Johs 2, 1. Ordet talsmann heiter på latin advokat, og det er Jesus for oss. Han talar vår sak, hjelper oss i all naud til å få retten vår. Alt dette kan han gjera på grunn av døden og blodet som rann.

Difor skal me berre rekna med Jesus i himmelen. Sjå på han, rekna med hans gjerning for deg alle dagar. Du har grunn til å fatta mot.

Nå kjem han snart att. Då er striden slutt for alltid og herlegdomen tek til. Då skal du alltid får sjå på han og vera nær han.

Ingen kommentarer: