torsdag 27. mars 2008

Kap. 5. Veks i nåde.

Å veksa i nåde.
I vers 11-14 talar forfattaren om lesarane sin åndelege utvikling. Det er ein klår tanke i Bibelen at ein kristen ikkje er ferdig åndeleg sett når han blir frelst. Det er skilnad på ein nyfrelst og ein mogen kristen. Gud vil ikkje at me skal stansa på vegen, men gå fram i kunnskap og erkjenning.

Dette skal me seia meir om her.

Orda her viser at det ikkje alltid er framgang hjå oss kristne, heller ikkje mellom leiarar. Det heng saman med syndefallet, for synda har sett merke i oss på fleire måtar. Mellom anna gjer det at me har ikkje lett for å tenkja åndelege rette tankar. Guds ord er ikkje alltid lett, og det trengs ei åndeleg øving ved sida av opplæring for å sjå Guds meining. Desse problema tek forfattaren opp her.

Då er me inne på den sida at ein kristen kan nekta å veksa i kunnskap. Dei seier gjerne at det var nok det dei fekk første gong då dei blei kristne. Dei les lite for å utvida sin kunnskap og held seg gjerne til den same andaktsboka i fleire tiår. Om boka er aldri så god, vil dei ikkje få sjå evangeliet frå nye synsvinklar. Går dei i tilfelle lite på møte der det er grundig forkynning, vil dei lett stagnera i kunnskap om frelsa og erfaring med Gud.

Det kostar litt tid og arbeid å setja seg inn i nye sider ved den kristne trua. Med ”nye sider” meiner eg ikkje her noko i tillegg til Bibelen. Det tyder her å sjå meir inn i kva Ordet seier om Jesus og mi eiga frelse og helging. Hebreerbrevet er eit godt døme på djupare kunnskap i sjølve frelsesverket.

Dette gjeld og sjølve kvardagslivet vårt, helginga. Eit vakse, moge menneske oppfører seg ikkje som eit barn. Dei fleste har lært å styra temperament og ordbruk og let seg ikkje så lett lokka ut i sinne og slagsmål.

Slik er det óg i det åndelege livet vårt. Orda i Hebr. 5 talar m.a. om det. Dei hadde levd så lenge som kristne at dei burde ha lært unge kristne korleis livet med Gud er og vist dei inn i Guds ord. Men dei er sjølve å rekna som ”bayar” i åndeleg forstand. Og ein baby treng melk og kan ikkje leva av steik og erter og sterk mat. Desse vaksne kristne skjønar ikkje anna en ”melk” – dei lette og enkle sanningar i Guds ord.

Ein viktig grunn var at lesarane var blitt ”trege” til å høyra. Dei hadde ikkje interesse for djupare sanningar i Guds ord. Her i Hebreerbrevet er det særleg sanninga om at Kristus er vår øvsteprest som representerer den meir grundige forkynninga.

Den som berre lever på den første omvendinga og dei kjensler og opplevingar dei hadde då, vil ikkje så lett bli grunnfesta i trua. Han har lettare for å bli riven med av nye retningar som kjem i Jesu namn. Det har me sett mykje av i etterkrigstida. Kan hende var dei så opptekne av det jordiske livet, at dei hadde ikkje krefter og tankar nok til å lesa ei grundig bok om bibelske sanningar. For me treng ofte hjelp av gode hjelpebøker for å nå inn til kjernen i Guds ord nokre stader. Då skal me forresten vera varsame med kva me les. Her er mykje litteratur i dag som ligg i utkanten av den sunne lære – og noko stig over grensa. Må Gud vara oss mot det.

Ingen kommentarer: